Kulturtur 1.jpg
Tolv medlemer var med på Molde Mållag sin kultur-tur 18. oktober 2009. Her er nokre av deltakarane medan dei tar kaffipause i heimen til Asbjørn og Eldbjørg Lillevik (heilt til venstre i biletet). Garden deira ligg like ved «Trollpila» på Bolsøya – som var eit av måla for turen. «Trollpila» er ein bautastein, 8 alen høg (ein alen er 62,75 cm). Tradisjonen vil ha det til at bautasteinen stammar frå tida då kristendommen vart innført. Ei trollkjerring som budde i Skålafjellet blei så irritert over lyden frå kyrkjeklokkene i den nyreiste kyrkja på Bolsøya at ho kasta ei steinpil etter kyrkja. Steinpila bomma og vart stående like aust for kyrkja på Bolsøya.
Kulturtur 2.jpg
Kåre Magne Holsbøvåg orienterer om Bjørnson si tilknytning til Eresfjorden.
hovud25.gif
#