|
 |
|
| |
 |
| |
Eventyr, segner, folkeviser, folketru – bokkveld med tekster frå samlingane til Edvard Langset Edvard Langset (1867–1924) er
utan samanlikning den fremste folkeminnesamlaren på Nordmøre og ein av dei fremste i landet. Hadde han budd på Austlandet, og det store arbeidet hans betre kjent, hadde han nok vore
sidestilt med Asbjørnsen og Moe. I samleverket «Norsk Eventyrbibliotek», bandet for Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal er heile 45 av Langset sine eventyr med! Edvard Langset var fødd i Halsmyra i Straumsnes. Han utdanna seg til lærar, og dei siste ti åra av livet sitt arbeidde han på Ulset skule. Han skreiv både romanar og skodespel og deltok ivrig i samfunnsdebatten gjennom foredrag og
artiklar i aviser og tidsskrift. Han var formann i Nordmøre Ungdomslag, styremedlem i Nordmøre Mållag, ein av stiftarane av Nordmøre Historielag og grunnleggar av bygdemuseet i Straumsnes. Men det er altså som folkeminnesamlar han har gjort den største innsatsen. I fleire år drog han kvar sommar frå grend til grend først og fremst på Nordmøre, men også i Sør-Trøndelag og Romsdal, og han hadde ein «makelaus evne til å tala med folk og få dei til å fortelja». Dessverre er berre ein del av det han samla inn, komme i bokform, mest kjent
er «Folkeeventyr frå Nordmør» frå 1921, og samlinga «Segner - Gåter - Folketru frå Nordmør» som Norsk Folkeminnelag gav ut i 1948. Langset viste at Nordmøre er svært rikt på folkeminne, og arven etter han er det viktig å ta vare på. På Bokkveiden i år kan du altså bli kjent med Edvard Langset og arbeidet hans, og få innblikk i ein verdifull del av nordmørskulturen. Det skal bli ein underhaldande kveld med musikk, song, eventyrforteljing og
foredrag. 7. mai 2007 i kinosalen på Tingvoll Hotell.
|
 |
|
 |
|
 |
|
| |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
|
 |