Romsdalsungdom – bruk nynorsk!
– Lesarinnlegg til Romsdals Budstikke
Vi har nettopp feira minnet om unionsoppløysinga i 1905 – endå det vart ikkje rare feiringa, når ein tenkjer på kor stort det var for folket vårt å bli herre i eige hus, noko som vi fekk oppleve på nytt i 1945. Framståande politikarar og andre ser ut til å like ordet markering betre enn feiring. Kva er det som skjer? Er vi så redde for å trakke svenskane på tærne at vi nærast bed om orsaking for at vi reiv oss lause – til og med frå ein union som vart tvinga på oss med makt? Eller ligg det i lufta at vi vil inn i ein ny union, og at vi
difor ikkje bør vere for nasjonalistiske?
Kor det no går, så er det viktig for eit folk å ta vare på kulturen sin, for eksempel målet. Sjølv om arbeidet for eit mål som var tufta på norsk grunn, tok til lenge før 1905, så var det ikkje tilfeldig at nynorsk mål hadde stor framgang dei næraste åra etter at unionen vart oppløyst.
Det gjekk ei bølgje av norskdomskjensle over landet, og hundrevis av skulekrinsar kunne gå over til nynorsk på eitt einaste år. Det er noko eige med det som høyrer heimen, heimbygda eller heimbyen til, og slik er det med målet òg. Vi uttrykkjer oss best på heimemålet, og dei aller fleste – om ikkje alle – heimemåla eller dialektane i landet vårt ligg nærare nynorsk enn bokmål, ikkje berre i ordbøying og endingar, men òg i setningsbygging og uttrykksmåtar.
Når mange likevel synest det er lettare å skrive bokmål, kjem det sjølvsagt av at det meste av det vi les i avisene eller høyrer i radio og fjernsyn, er bokmål. Eit anna spørsmål er korleis det blir, det bokmålet vi skriv eller talar. Det har lett for å bli fullt av klisjear og dårleg målføring. For nokre år sia las vi om to studentar – innfødde oslofolk – som valde å skrive nynorsk i arbeida sine. Dei hadde oppdaga at det då var lettare å få klårt og greitt fram det dei meinte.
Noko anna som talar for å lære og å bruke nynorsk, er at mange av dykk som no er unge, vil hamne i stillingar som
krev at de må kunne bruke denne målforma. Difor har dei ein fordel, dei som har nynorsk som hovudmål i ungdomen, for då lærer dei målet skikkeleg og får bokmålet attpå, av di dei les så mykje av det.
Og så er litt idealisme altså ikkje å forakte; det er nok av dei som går minste motstands veg.
Til slutt: prøv å setje om teksta ovanfor, til bokmål, og gjer deg opp di eiga meining om kva som er mest naturleg for deg. Lukke
til, og velkomen i mållaget!
Molde Mållag
ved Odd Sæbø.