Fårleg leik Av Einar Langset Guteleik kan somme tider bli dødeleg alvor. Det hende i den leiken eg her minnest frå barndomen min. Det er femti år sia, og eg var ti år da. På Storkaia – det var i ein by – stod det ei stor handsveiva kran på kanten. Det var der postbåten la til. Siste båten frakta posten som skulle til Oslo. Da var klokka åtte på kvelden, og folk kom dit med post og for å helsa farvel og gå om bord. Alle i byen tykte om å ta seg ein tur på kaia om kvelden. Det var ikkje fjernsyn på den tida. Vi gutane frå «Svenskebyen» var oppvaksne i dei nye husa som vart bygde etter at byen var bomba flat i
krigen. Leiken vår den gongen var ofte i ruinar og på byggjeplassar. «Tøff» vart brukt om dei av oss som var vågale i leiken. Diverre var vel «dum» meir dekkjande. Løftekrana. Så var det ein kveld at vi òg hadde funne vegen ned på Storkaia. Det var i desember, og nokre snøflugser dreiv i kalde vinden. Framme ved løftekrana byrja ein av oss å svinge krana rundt. ”Hurra! Kor fort kan vi klare å svinge krana?” ropa han. Alle saman sprang bortåt. Dette vart som ein karusell på tivoli! Leiken vart eventyrleg i den keisame vinterkvelden. Dei vaksne sa ikkje
noko. Her vart det meir moro! Vi erta på oss sjauarane som var travelt opptekne med å lasta postbåten. Det var deira kran, men vi gutane stal ho framfor nasen på dei! Vi var fem frå svenskebyen der den kvelden. Leo var eldst. Svein, broren, eg Einar,
bestekameraten Reidar og Mette. Den jenta var utruleg og med på mest alt, men ho vart skåna frå farleg leik. Ein gryande kjærleik til ein gut var truleg årsaka, ein ven å halda i handa i gata. Eg var ikkje nokon stor og kraftig gut. «Stans», ropa eg. «Eg kliv opp i kranarmen og held meg fast i kroken! Då kan de svinga krana!» Dette var reine tivolikarusellen, tenkte eg. Mange gonger har eg angra. Dum – det var det eg var. Eg vurderte ikkje alt som kunne hende.
Karusellen Krana kom snøgt i sving. Hoi! kor det susa i mørke vinter-kvelden. Alle ljosa på kaia sveiv som stjerner forbi der eg hekk og stod i kroken i enden av
kranwiren. Folk på kaia vart var meg og ropa «Stans! Stans!» Dette var farleg, men som alltid var slikt moro for gutar på vår alder. No var eg verkeleg svimren i hovudet og såg knapt ned på kameratane. Men frykt hadde eg ikkje! Fleire vaksne kom bort åt krana – og jaga kameratane. Då hende det brått! I siste svingen ut over sjøen, og i styggeleg stor fart, gjekk wiren på krana ut – og eg miste taket i kroken! Kameratane stakk sin veg – bortjaga ei ri, og skremde. Ut i vinternatta og langt ut på sjøen flaug eg i lufta. Det er eit minne som fylgjer meg livet ut.
Plask! Beksaumstøvlar, kjeledressbukse, ullstrikka genser, ullvottar og skinnhuve. Det var
femtitalsklednad og vitne om mor sine gode tankar for guten sin. No plaska eg i
sjøen og såg ljosa på kaia. Ropa eg? «Hjelp! Hjelp! Eg druknar!» Det kan eg ikkje minnast i dag. Alt eg minnest, er at eg hadde klåre tankar i hovudet. Eg skulle freista å symja inn til kaia medan eg endå flaut! Det var denne sumaren eg hadde lært meg dei første symjetaka i elva, men eg hadde aldri vore på djupt vatn. Hundesymjing kalla vi gutane slikt. Det gjekk ikkje slik eg meinte,
berre sparking i vatn. Det såg ikkje ut til at eg nærma meg kaia Sokk djupare i sjøen gjorde eg òg Eg vart trøytt! «Du må flyta daudmann!» Det var tanken som kom. Slik fekk eg ein stutt kvil på rygg i sjøen. Men no tok eg til å søkke! Eg var komen halvvegs inn til kaia og såg ljos og folk på kaikanten. Skremde andlet. Merkelege tankar flaug gjennom hovudet. Det var som
på sirkus med ljos ikring. Eg såg meg sjølv som om eg var ein stad utanfor hendinga. Tankane var klåre, og eg fraus endå ikkje i sjøen. Det kan knapt ha vore ti grader i sjøen, og minusgrader i lufta. «Trekk pusten og legg på sum!» Det var det eg gjorde. Beksaumane var blytunge, og det var tungt å røre på armane.
Redningsmannen! På kaia stoppa det ein bil. Ut steig konfeksjonsmannen Sigurd Mjelva. Alt dette
oppfatta eg. Han høyrde ropa om hjelp og sprang fram til kaikanten. Kvite kappa fauk av, og
dressjakka dinest. Skoa heiv han av. Mjelva stupte ut i sjøen utan nokon reservasjon! Folk på kaia og sjauarane samla seg. Her var kort tid for å berga livet mitt. Eg ropa ikkje meir. Dei heiv livbøya ut på sjøen. Sjauarane kom med ei lang bambusstong med ein jarnring stor nok til å femne eit menneske. Postbåten retta ljoskastarar på livreddaren og staden der eg skulle ha vore. Eg var gått til botns!
På havets botn Han stupte uti med det same eg trekte pusten djupt for andre gong! Då er det nære på. Eg var ikkje redd. Det var svalt og liksom noko vakkert ljos der nede i sjøen. Symja med armane og sparka med beina! Heldt att pusten, men nærma meg botnen. Alt var mykje vent og ljoset fløymde i vatnet over meg som stjernehimmelen. Ei «ljosfontene» var ordet som i dag kan fortelja lesaren synet. Da hende det i rasande fart at eg såg livet mitt for auga. Kjære mor og far og sysken, mormor og morfar, bestemor, onklar og tanter – og alle! Hendingar og mange i lag i leik og skule. Alt var så vent! Det var ikkje farleg, eg kunne ha lagt meg der, noko sveipte meg som om
eg hadde levd i slikt før. Det var trygt og godt å vera her! Verkelegheita var ei anna. Eg var ved å svima av. «Gud hjelpe meg!» Tok nokre symjetak opp og klara ikkje halda pusten lenger! Der kom livreddaren Sigurd Mjelva frå himmelen ned til meg og tok kraftig tak.
Attende i livet. Livlaus i armane til ein sterk kar! Han la på sum att med meg på slep til kaia. Eg hugsar svakt det neste. Karar som skreik med kraftige sjauarrøyster og hengde ut tau. Livbøya, stongkroken ned til meg, Sigurd Mjelva som hjelpte meg inn i ringen og bad
meg halda fast. Han dukka under og sumde til side mot ein stige og
fenderverket. Han var som ein pustande kval og gav all si kraft i berginga.
Makelaust! Såg ikkje redningsmannen min seinare på kvelden. Venlege, hjelpsame folk, drosjesjåføren med den flotte bilen til å frakta meg heim, klissvåt i baksetet og ein sjauar som klaska meg i andletet. Det var sjauaren som tok
hand om meg oppe på kaia då eg vart lagd ned der og vatnet rann ut frå lungene. Eg minnest eg treiv etter pusten og han pressa på bringa mi. Varmt ullteppe fekk eg rundt meg. Opp og gå! Fram og tilbake, – så kom drosja. Eg og sjauarbasen Fosseide vart sette i baksetet. Han kjende meg og
far min, og sa kor vi skulle køyre. «Svenskebyen neste!» ropa Fosseide.
Vel heime i stua Da vi kom i hus – dyvåte og eg hostande, skjelvande av kulde og forfjamsa, sat mor og far ved bordet. Dei hadde gjester, gode vener frå eit fiskevær langt ute på verharde kysten. Hummarfiskaren Jonas Larsen og kona. Mor var lamma av skrekk,
men far var som vanleg roleg. Fosseide fekk forklara seg og vart takka heim med same drosja. Seinare kom tid
til prat. Av med våte klede, varmt bad, tulla inn i ullteppe frå topp til tå. Eg trong mat i kroppen, og mor laga det beste. Varm kakao var sjeldan den
gongen. Far masserte lemmene min til live. Eg tala etter kvart fort om det som
hende. Orda ramla ut av meg. Inga meining i noko, men far forstod og fann
samanheng. Larsen-familien sat uroleg og redd, dei hadde sett andre endelykter
på fall i havet. Fru Larsen klemde meg som sitt eige barn og tok rundt mor til trøyst. Vi gret! Redningsmann og heider. Det er mange redningsmenn i Noreg, takk for det. Min var
der da eg trong han! Slik ein fandenivoldsk djervskap og mot har eg berre sett
då. Han drygde ikkje ein augneblink da han skjøna kva som stod på der på sjøen. Bilen med open dør, ljosa på, motoren i gang, kappa kasta frå seg fram mot kaikanten, og jakka, skoa – da han ropa ”Hent hjelp!”. Med eit tigersprang stupte han uti. Det var slik eg lærde han å kjenna. Den gongen var han skihoppar og friidrottsmann. Han dreiv
konfeksjonsfabrikk og kona konfeksjonsutsal. Far min var politimann og kjende
godt Sigurd. På hylla heime hadde far fleire pokalar som han hadde vunne i polititevlingar, men
no bestemte far og mor – og eg la sparepengane atti – at vi skulle gje den gjævaste pokalen med gravyr og dato til redningsmannen Mjelva. Det er rart når du møter livbergaren din. Han tyder alt for deg – og eg gret då eg takka og han tok ikring meg. Mor og far takka og var lukkelege. Sigurd
Mjelva sa til meg:”Alt skal gå bra i livet, Einar, du var sterk og tøff.” Der kom det ordet igjen: Tøff. Eg er redd, men glad for at ikkje alle ungdomar har erfart kva det vil seia å ha fått livet i gåve. Ta vare på livet – det er å vera tøff! I jula feirar vi Jesus, som kom til oss på jorda. Han gav livet sitt som gåve – for vår frelse. God jul!