Bruk nynorsk i næringslivet!
Av Trond Sæbø Skarpeteig
Gjennom reklame og produktinformasjon står næringslivet for ein stadig viktigare del av dei totale språkinntrykka som når fram til folk flest. Ved å skrive nynorsk tek du stilling i målstriden. Ved å nytta nynorsk kan næringsdrivande både signalisera kulturgeografisk tilknyting og eit medvit om språkarven vår.
Som døma i dette stykket viser, er det uproblematisk å nytta nynorsk, ja kanskje til og med ein fordel for verksemda. Dei har gjort
eit val som er viktig for nynorsk skriftkultur!
Tussa Kraft har medviten strategi
Det nynorske språket har eit rikt ordtilfang, det er eit godt reklamespråk, det er ein del av identiten vår og det er naturleg for oss å bruke det, meiner dei hjå Tussa Kraft.
– Tussa nyttar nynorsk i eksternt retta informasjon og reklame fordi selskapet
har sitt opphav på Sunnmøre, seier informasjonsleiar i Tussa Kraft, Lisbeth Bjørneset Myklebust.
– Med meir enn 55 år bak oss som kraftleverandør på søre Sunnmøre, har Tussa vore ein pådrivar for å utvikle gode levekår for dei som ønskjer å bu i regionen vår. Sidan sunnmøringane brukar nynorsk skriftspråk, har det vore eit naturleg val for oss å bruke det språket kundane våre nyttar.
– Er det ein medviten strategi?
– Bruk av nynorsk har blitt ein medviten strategi. Utviklinga i regionen og i
kraftbransjen har gitt Tussa nye opningar både lokalt og nasjonalt. Breibandsutbygginga er eit døme på dette, likeeins høve til sal av kraft og IKT-produkt frå området vårt til andre enn sunnmøringane. Sjølv om vi etterkvart vender oss til andre regionar der nynorsk er mindre brukt,
ser vi ingen grunn til å endre språket vårt. Det nynorske språket har eit rikt ordtilfang, det er eit godt reklamespråk, det er ein del av identiteten vår og det er naturleg for oss å bruke det. Bruk av nynorsk gjer at vi blir lagt merke til, og skal vi leve opp
til visjonen vår og vere betre enn konkurrentane våre, er nettopp dét eit viktig moment.
Fjord1 – verdas største nynorskkonsern
– Det er viktig for oss at folk oppfattar Fjord1 som eit nynorskkonsern, seier
konserndirektør Hallgeir Kleppe. Fjord1 er ei vekstbedrift, dei har 2 200 tilsette og
transporterer 23 millionar passasjerar kvart år på over 400 bussar, 56 ferjer og 20 snøggbåtar og andre båtar. Med ein årsomsetnad på 2 milliardar kroner er truleg dette den største nynorskverksemda i landet.
– Fjord1 er eit nynorskkonsern, slår konserndirektør Hallgeir Kleppe fast. Vi er åtte av Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dette er ein sterk
nynorskbastion og vi ynskjer å halde på nynorsken. Vi har ikkje skrive ned retningsliner for språkbruken, men utgangspunktet er at vi skal nytte nynorsk. Det viktige for oss er
at vi vert oppfatta som eit nynorskkonsern. No har vi fått tilslag på ruter også utanfor kjerneområdet vårt i Hordaland, Rogaland og i Finnmark, og her held vi på nynorsken på all skilting på fartøya. Fjord 1 vender seg til ålmenta på nynorsk, både i rutehefte, på nettet og i lysingar. Dei vil òg snart lansere eit nytt felles magasin for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og
Møre og Romsdal Fylkesbåtar. Her har dei bede om at magasinet i hovudsak skal vere på nynorsk.
– Kva tankar er det som ligg bak språkvalet?
– Eg tør ikkje snakke for heile konsernet her men eg personleg er veldig stolt av å skrive nynorsk. Det handlar om røter, og å vere stolt av kven ein er.
– Kva signaleffekt trur du de sender ut ved å nytte nynorsk?
– Eg trur at det er med å forankre Fjord1 i denne regionen, folk kjenner dette som sitt konsern sjølv om vi er veldig store. Vi ynskjer ikkje å skape noko skilje mellom «dei» og «vi», og fjerne oss frå kundane våre. Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane som er det eldste selskapet vårt, har drive i distriktet sidan 1858. Her har vi røtene våre.