Romsdalingar på landsmøtet til Noregs Mållag på Værnes i Trøndelag, 27.–29. april 2007. Frå venstre: Øyvind Fenne, Romsdal Mållag, Einar Langset, Molde Mållag, og Sverre Hatle, Surnadal Heimbygdelag (oppvaksen i Fræna, bonde og forfattar i Surna).
Norges Mållags landsmøte på Værnes. Mellom dei 150 utsendingane til landsmøtet fann ein Einar Langset, leiar i Molde Mållag, og Øyvind Fenne, leiar i Romsdal Mållag. Dei mange utsendingane frå mållage på Sunnmøre hadde mykje bra å seie om arbeidet der. Det blir inga auke av medlemspengane før i 2009. I fjor vedtok landsmøtet å auke avgifta til Noregs Mållag med 10 kronor. Nils Ulvund frå Nordmøre Mållag samlar utsendingane frå Mållaga på Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre til fellesmøte på Værnes. I august blir det truleg eit møte i Molde i august der temaet blir nynorsk i barnehagar og parallell-klassar i
vidaregåande skulen.
Einar Langset og Nils Ulvund fekk Norges Mållag med på å fremja kunnskapen om den kulturelle innsatsen til Edvard Langset (1867–1924) frå Nordmøre. Edvard Langset er farfar til Einar Langset, som no er leiar i Molde Mållag. Norsk Folkeminnelag, Universitetet i Oslo og Norsk Ordbok 2014 tar med samlingar som
har ligge på UiO og vil digitalisere (skriva inn på data) alle dei handskrivne bolkane som Edvard Langset har samla frå Møre og Romsdal, Trøndelag. Det vil vera i ånda til Edvard Langset som skreiv nynorsk dialekt og underviste i skulen i Frei
og Straumsnes på Landsmål.