Landsmøtet i Noregs Mållag 2008
Einar Langset var utsending frå Molde Mållag og Øyvind Fenne frå Fræna møtte for Romsdal mållag. I alt møtte 190 utsendingar frå heile landet.
Leiaren Hege Myklebust heldt ein framifrå leiartale der ho tok for seg det norske standardspråket, det dansk-norske standardspråket, bokmål i tale og skrift, nynorsk i tale og skrift, nynorsk normaltalemål og nynorsk skriftnormal. Kvifor skriva nynorsk?
Konklusjonen var å ha fleire tankar i hovudet samstundes:
1. Snakk dialekt! Dialektfolket på 1970-talet hadde rett, dette er eit knallgodt slagord, fordi det gir oss høve til å grunngi det. Vi kan få fortalt kvifor vi verdset viljen til å halda på dialekten.
2. Skriv nynorsk! Det gjeld deg som snakkar bokmål òg. Igjen gir slagordet oss høve til å seia kvifor vi vil at folk skal skriva nynorsk heller enn å stø seg til den indre bokmålsrøysta.
3. La folk få høyra nynorsk. Gi dei indre nynorskrøystene ei gåve; snakk nynorsk av og til.
Hege Myklebust frå Haugesund vart samrøystes attvald som leiar.
Årsmeldinga 2007–2oo8 vart godteken.
Normeringa av nynorsken, som var hovudsaka på landsmøtet denne gongen, vart framlagt av språkforskar Trond Trosterud frå Universitetet i Tromsø. Voss Mållag hadde laga ei eiga melding til saka. Landsmøtet gjekk inn for å styrkje hovudformene i nynorsken, men ein vil ikkje ta vekk dei sideformene som
er tillatne.
Den store norske ordboka med alle norske ord «Norsk ordbok 2014» er i arbeid.
«PiRion» er ei kulturavis med det pedagogiske personalet i barnehagen og småskulen som viktigaste målgruppe. Utgivar er Stiftinga Pirion som er stifta av Landssamanslutninga av
nynorskkommunar og Noregs Mållag. Molde Mållag vil samarbeide med barnehagar og barneskuleklassar i Molde om ei prøveordning.
Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell tala om skulepolitiske utfordringar for nynorsken.
Saman med Liverpool er Stavanger 2008 utpeika som europisk kulturby. Vi på landsmøtet var glade over alle dei vakre stadene og kulturtilboda i Stavanger denne
aprilhelga.
Einar Langset, Molde Mållag