Vårdikt

Av Odd Sæbø
Kvar vinterkald, isfrosen drive
i tårer av glede vert løyst.
Dei samlast i lovsong til livet
i bekken si vårblanke røyst,
som først lik ei pikkolotrille
i leikande vinddraget skjelv,
men snart vert den orgelbrus-ville
i ròk frå ei marmande elv!
Det buldrar eit skred over stupet
og søkk i det svimlande rom
på fløymande ferd imot djupet
med dunder og dynjande ljom.

Det knitrar som små kastagnettar
av vårregn mot nysprotne blad.
Det glitrar, når regnskodda lettar,
i perler på rekkje og rad.
Det glimar ein heil myriade
av dropar som klåraste glas;
det lyner i strålar av jade,
safir, ametyst og topas!
Det angar av brestande knoppar
det eimar av levande jord;
det kviskrar i voggande toppar
i kvelden useiande ord – .

Sitt tindrande, skuldlause auge
slår undrande hestehov opp,
let kjælande solstrålar lauge
sin blyge og branngule topp.
Sjå, midt i det nakne og aude
bryt livet igjennom med makt!
Og fram av det rotne og daude
stig Eden i underfull prakt.
Snart svagar og nikkar og neiar
det kvite og gule og blå
i hagar og hekkar og heiar
så langt du med undring kan sjå.

Til øyra stig vårglade tonar,
det surrar og summar og syng
av ivrige, små millionar
i gras og i lauv og i lyng.
Det smett mellom kvister og greiner
og høgt oppi lufthavet sviv;
det trippar langs fòrer og reiner
av fjørkledd og flaksande liv.
Det fløyter og skjenner og lokkar,
det kvitrar frå himmelen blå;
det snadrar frå flygande flokkar
og trillar frå songstruper små.

Så tonar ein song over landet;
han skjelv ifrå fjøre til fjell
som einaste vårsongen kan det:
i tonar som stig og som fell,
snart veks til eit jubels crescendo
med fossen som buldrande bass,
for så, i eit diminuendo,
la skogens solistar få plass.
Og tunger i tallause tusen,
frå synst og til lengst imot nord
let vårvinden bivre i brusen
frå heile det veldige kor.
Odd Sæbø
hovud25.gif
#