Tur for medlemer av Molde Mållag til Åsentunet, laurdag 30. juni 2007
Alle medlemane hadde fått tilbod om å vere med på turen. Dessverre vart berre fire personar med Time-expressen denne solrike laurdagen. Dei var Einar Langset, Edith Skramstad, Aud Åshild Moen, og Kåre Magne Holsbøvåg. Både bussane og sjåførane fortener lovord.
Klokka 12.20 steig me av bussen ved Åsen i steikjande solskin og vandra opp den brattvorne vegen mot tunet og Museumsbygget frå 2000.
Oppi tunet møtte me nestleiar Øyvind Berge og kona Anne Marie. Dei hadde reist i førevegen då dei skulle vitje kjenningar. Også kasseraren Ole Sigurd Visnes var på Dei Nynorske Festspela i Ørsta – Volda saman med familien denne helga, men dei møtte me ikkje.
Saman med ekteparet Berge sat me og prata om språk og mangt anna. Åt lite grann gjorde me òg. Einar fekk ei dame til å ta eit foto av følgjet med apparatet til Berge. Det viste seg at ho var diktaren Helga G. Eriksen som stod i festspelprogrammet. Ho hadde hatt opplesing frå forfattarskapen sin kvelden før.
Så saumfor me dei gamle husa i Aasen-tunet. Her såg me små glasruter med blyinnfatning. Det er vel ikkje bjørka frå Ivar sine gutedagar som står i tunet i dag. Andre skjorer er det vel òg som skvatrar kring festspeldeltakarane. Ein mintest diktarorda frå diktet «Gamle Grendi»:
   Tett med Stova stod ei Bjørk så breid,
    Der hadde Skjorerna sitt gamle Reid.  
Så gjekk me inn og betalte 100 kroner. For det kunne me både sjå utstillinga med eignelutene til Ivar Aasen og kome inn på foredraget. Her var vel alle hans bøker, og ei mengd blad og bøker om nynorsk og på nynorsk. Skulle ein ha sett nøye på alt, hadde mange dagar gått med. Her låg korkhatten og paraplyen til Ivar. To piper, dramglas, pennar og notatar som han gjorde på papir som tobakk frå Tiedemanns Tobaksfabrik var innpakka i. Som ein forstår var det inga sløsing der i garden.
Men så vart han òg etter kvart ein velhalden mann. Mange tagg pengar av han. Sjølv folk frå heimegrendene som hadde arbeid med å byggje fyrtårn i Oslofjorden, kom innom og bad om pengar. Tøflene, dei han i sine siste leveår gjekk i med korte gammalmannssteg over golvet der nede i Kristiania, var å sjå. Han tok nok lengre steg den gongen han på ei av granskarferdene vandra over Jostedalsbreen. Han var òg ein god symjar. I dagbøkene noterer han kva tid på føresommaren han tek det fyrste «søbad». På ein vegg var det kopi av trastefangsten frå gutedagane. Han selde trastane og fekk nokre skillingar for kvar kramssteik. Han hadde notert snarefangsten dag for dag, og kva han brukte  pengane til.

Foredraget til Ole Danbolt Mjøs  
(f. 1939) byrja klokka 15.00. Frå 2003 har han vore leiar for Den norske Nobelkomité. Han vart professor i fysiologi ved Universitetet i Tromsø i 1975. Frå 1989 til 1995 var han rektor ved universitetet der i byen. Eg hugsar at han i eit radiointervju tala om hjerteoperasjonar som han utførte. Men så måtte han sjølv opererast for denne sjukdomen. Det gjekk greitt, men han var visst mykje nervøs.
Danbolt Mjøs tala om at Alfred Nobel gav fredsprisutdelinga til Noreg fordi han såg det slik at grannelandet hadde meir demokratiske tradisjonar. Han sa at ein måtte få til jamvekt slik at
Ole Danbolt Mjos.png
Ole Danbolt Mjøs, leiar i Nobelkomiteen, heldt foredrag om Nobels fredspris og arbeidet for fred i verda.
Bilete: Kirkens informasjonstjeneste
fredsprisen ikkje vart sett på som noko som høyrde  berre Vesten til.
Danbolt Mjøs sa at ofte er personen eller organisasjonen som er Nobelpris-kandidat av inga interesse for presidenten i USA før dei får prisen. Så snart dei har fått prisen, blir dei inviterte til Det ovale rommet.  
Noko tilhøyrarane la merke til, var at Danbolt Mjøs meinte at det fyrste mektige statsleiarar skulle ha gjort i si regjeringstid, var å reise til Hiroshima og treffe dei få attlevande av dei overlevande og sjå restane etter atombombinga av staden. Alle blir merkt for livet, sa dokteren og professoren frå Hordaland som sjølv hadde vore der. Dessverre er det slik at det er etter at statsleiarane har gått av, at dei reiser til den fyrste byen som vart råka av atombomba. Han som skriv dette, grunda på om Molde Mållag kunne ta neste utferda til Hiroshima. Men så sveiv tankane inn på den skrale økonomien til laget.
Etter foredraget fekk folk kome med spørsmål. Danbolt Mjøs svara godt på alle spørsmål.
Ute i gangen etter foredraget såg eg at leiaren i Molde Mållag handhelsa på Danbolt Mjøs og fylkesmannen i Rogaland, Tora Haug Åsland. Den siste helsa òg Edith Skramstad på. Ektemannen Ola Langset var i si tid stortingsmann for SV. Eg stod på ageleg avstand.
Heimturen gjekk i 20 graders varme. I aust bygde vakre torhausar seg opp over taggute sunmørsfjell.
Kåre Magne Holsbøvåg
 
MM paa Aasentunet.jpg
På Åsentunet i Hovdenbygda i Ørsta. Frå venstre: Einar Langset, Aud Åshild Moen, Kåre Magne Holsbøvåg, Edith Skramstad Langset, Anne Marie Berge og Øyvind Berge.  
Foto: Helga G. Eriksen
hovud25.gif
#