Siste frå Molde Mållag
Seks dikt til hausten
15.08.09 Som dikt til hausten 2009 valde Molde Mållag seks dikt av Alf A. Sæter [Les meir]
Fem dikt til våren  
15.04.09 Som dikt til våren 2009 valde Molde Mållag fem dikt av Anne Lise Vatne Eide [Les meir]
Landsmøte 2008  
25.–27.04.08 Einar Langset var utsending til Noregs Mållag sitt landsmøte i Stavanger [Les meir]
Dikt til sumaren
15.08.07 Som dikt tilsumaren valde Molde Mållag i år «Sumardag, sumardag» Anton Aure [Les meir]
Tur til Dei Nynorske Festspela  
30.06.07  På ein solrik laurdag arrangerte Molde Mållag tur til Aasen-tunet. Der høyrde dei mellom anna leiaren i Nobelkomiteen, Ole Danbolt Mjøs, som heldt foredrag om Nobels fredspris og arbeidet for fred i verda. [Les meir]  
Eventyr, segner, folkeviser, folketru
– bokkveld med tekster frå samlingane til Edvard Langset
07.05.07  Edvard Langset er den fremste folkeminnesamlaren på Nordmøre.
Det blir ein underhaldande kveld med musikk, song, eventyrforteljing og foredrag i kinosalen på Tingvoll Hotell.
[Les meir]
Molde og Romsdal på Noregs Mållags landsmøte
27.04.07  Mellom dei 150 utsendingane til landsmøtet fann ein Einar Langset,
leiar i Molde Mållag, og Øyvind Fenne, leiar i Romsdal Mållag.
[Les meir]
Årsmøte for Molde Mållag
29.01.07  Molde Mållag har årsmøte torsdag 22. februar i Øvre veg 12 (IOGT-lokala), kl. 19–21. Sakliste og innkalling går i desse dagar ut til medlemene. Vel møtt!  
Molde Mållag på Innflyttardagen
01.09.06  Molde Mållag vil vere med under den årlege Innflyttardagen. Styret i Mållaget vil sitje på stand under tilstellinga laurdag 2. september, utanfor Min Boutique i Storgata.    
Samlar dialektord
15.08.06  Styret i Molde Mållag vil framover dele nye og gamle dialektord med kvarandre under styremøte. Dersom du har eit godt romsdals- eller moldeuttrykk er du hjarteleg velkomen til å sende det inn på e-post. Målet er å etter kvart ha ei lita samling av lokaleord og uttrykk.
Nynorsksenteret lyser ut forskingsmidlar
17.02.06  – Vi kan tilbyr stipend på opp mot 100 000 kroner i året, opplyser Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret til Høgskulen i Volda sine nettsider. Nynorsksenteret lyser no ut midlar til skuleretta forskings-, forsøks- og utviklingsarbeid for studieåret 2006/2007. Særleg interessante område er nynorskopplæring i lærarutdanninga og grunnopplæringa. [Les meir]  
Møte i Molde Mållag
19.01.06  Styret i Molde Mållag skal ha møte torsdag 2. februar. Møtet vil vere i Nåsbakken kl. 19.00.    
Godt nytt år!
01.06.06  Dei beste helsingar for det nye året frå Molde Mållag!    
Bruk nynorsk i næringslivet!
10.10.05  Gjennom reklame og produktinformasjon står næringslivet for ein stadig viktigare del av dei totale språkinntrykka som når fram til folk flest. Ved å skrive nynorsk tek du stilling i målstriden. Ved å nytta nynorsk kan næringsdrivande både signalisera kulturgeografisk tilknyting og eit medvit om språkarven vår.  [Les meir]
Møte i Molde Mållag
04.10.05  Styret i Molde Mållag skal ha  møte torsdag 13. oktober. Møtet vil vere i Nåsbakken kl. 19.00.    
Barndomsminner
04.10.05  Leiaren Einar Langset fortel om da livet vart berga av redningsmannen Sigurd Mjelva i Molde.  
[Les meir]
Møte i Molde Mållag
18.08.05  Styret i Molde Mållag skal ha sitt første møte etter sommarferien torsdag 25. august. Møtet vil vere i Nåsbakken. Sist møte for styret var på Romsdals-museet, og vi vil gjerne nytte høvet til å rette ein takk til Bjørn Austigard for eit lærerikt og inspirerande besøk i den gamle skulestova.    
30 000 vil oppheve nynorskforbodet i VG og Dagbladet
14.08.05  Sidan Noregs Mållag starta kampanjen for å oppheva det redaksjonelle forbodet mot nynorsk i dei store riksavisene, har heile 30 000 sett namnet sitt på oppropet - inkludert fleire av toppane i norsk politikk.  [Les meir]
Den nye læreplanen ligg føre
12.08.05  Den nye læreplanen for grunnskulen og vidaregåande opplæring er klar. Læreplanen presiserer at det skal vera sjølvstendig karakter for hovudmål og sidemål i ungdomsskulen og i andre og tredje klasse i vidaregåande. Planen seier ikkje noko om kor mykje sidemålsdelen skal telja i norskkarakteren i grunnkurs på allmennfag.  [Les meir]
Direktøren svært nøgd med Dei Nynorske Festspela  
10.07.05  Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk Kultursentrum var svært nøgd dagen etter at årets festspel var avslutta: – No er Dei Nynorske Festspela til å rekne med nasjonalt. Med arrangementet i år har vi definert den opne publikumsretta profilen og den kunstnarlege standarden vi ønskjer at desse kulturdagane skal ha, sa Grepstad mellom anna til Aasentunet si heimeside.  [Les meir]
Romsdalsungdom – bruk nynorsk!
12.06.05  Styremedlem Odd Sæbø i Molde Mållag har skrive ei oppmoding til Romsdalungdomen om å bruke det sktiftmålet som ligg nærast dialekta deira,: Nynorsken.  [Les meir]
Målrørsla i 1905
07.06.05  Unionsoppløysinga med Sverige var storpolitikk som kveikte det norske folket i 1905! Noregs Mållag har samla eit lite knippe tekstar som knyter målrørsla til dei viktige hendingane for 100 år sidan.  [Les meir]
Slepp nynorsken til!
01.06.05  Noregs Mållag meiner det er på høg tid å sleppe nynorsken til i riksaviser som VG og Dagbladet. Difor har Noregs Mållag laga ein kampanje som heiter: Slepp nynorsken til! Skriv under her:  
[Les meir]
Nynorske golford
11.05.05  Ver med i konkurransen om å bidra med dei beste golforda på nynorsk! For første gong er ei golfturnering ein del av Dei Nynorske Festspela. Dette er eit samarbeid med Volda golfklubb.  
[Les meir
Målmannen – ei våryr forklaring på ønsket om nynorsk
25.05.05  Leiar Einar Langset har skrive lesarinnlegg til Romsdals Budstikke.
[Les meir]
hovud25.gif
#
hovud25.gif